Årets festival går av stabelen 22.-24. august i Vågøy kyrkje. Her møtes musikarar på tvers av sjanger og alder til konserter for å la seg inspirere og formidle musikk i det gode klangrommet i Vågøy. Unge songarar og musikarar får delta på festivalen saman med festivalens artistar.

Festivalen rettar seg til alle: unge og gamle, samfunnsengasjerte, musikk- og historieinteresserte – uavhengig av tru- og livssyn. Vi ønsker å tilby eit program som kan fenge både i breidda og djupna – musikalsk så vel som til refleksjon over samfunnsaktuelle problemstillingar i vår tid.

Festivalen tek utgangspunkt i potensialet for god klang i Vågøy – og skaper og formidlar musikk i samspel mellom etablerte og unge utøvarar.

På fredag blir det opning med mellom anna innslag ved elevar som deltek i prosjektet Circle of Art. Etter dette blir det konsert med den folkekjære vinnaren av Stjernekamp Bjørn Tomren frå Tomrefjord som saman med  Åse Britt Reme Jakobsen skal gi oss halvannen time med variert repertoir.

På laurdag vil vi markere jubileet for frigjeringa av Noreg med mellom anna urframføring av Fredose, eit verk om Fredose som sat som krigsfange i Bud under 2. verdskrig, rømde og vart skutt og drepen. Musikk kombinert med resitasjon frå politirapporten. Fredsprolog ved Kjell Magne Bondevik.

Laurdag kveld kan vi presentere Tuva Halse quintet. Tuva Halse (25) er ein improviserande fiolinist og komponist frå Molde som har med seg fire spennande musikare på den norske jazzscena. Dei leverer eit ekspressivt uttrykk i eit kontrastfylt univers.

Festivalen blir avslutta på søndag med konsertgudsteneste for håp og fridom med Klangkoret, samtidsdans og ensemble frå Circle of Art/elevar frå Landslinje for jazz, leia av Tuva Halse.

Sjå programmet for meir informasjon.

Knut Anders Vestad og Gunn Sissel Bakken Håseth har vært programkomité for årets festival

Vi er glade for å kunne presentere eit program som vi håper vil gje publikum gode opplevingar i klangrommet i Vågøy – og være variert og lagt til rette for alle.

Beste helsing frå styret

Eva Tverberg
Bitten Linge
Lillian Kvalvåg
Karoline Valle

 

 

Foto: Rigmor Sjåstad Hagen (Romsdals budstikke)