TORSDAG 20. AUGUST

16.30 og 19.30 Framsyning av «Havfolket»

På Hoem grendahus blir det bygdekino med framsyning av publikumssuksessen «Havfolket» – ei perle av ein film som er ei heilhjarta kjærleikserklæring til kysten og kystfolket. Vi får besøk av regissør og produsent Elin Sander, som vil fortelje om filmen, og korleis den blei til, før vi snurrar film.

Hoem Vel sørgjer for sal av kaffi og noko å bite i.

FREDAG 21. AUGUST

19.30 Festivalopning og konsert «Ine Hoem – Minnelandet»
Ine Hoem song, piano og Markus Lillehaug Johnsen, gitar

Opning ved Nils Christian Harnes, ordførar i Hustadvika kommune
Elevar frå Circle of Art.

Ine Hoem er født og oppvekst på Grünerløkka i Oslo, men har sterk tilknyting til Hoem og Vågøy. I det kritikarroste album Minnelandet ser Ine Hoem tilbake på livet, og løftar fram minne knytt til familie, oppvekst, ungdomstid og kjærleik – både det som har gått tapt, og det som varer. Med røter i visepop og jazz, og med ei sterk kjensle for ord og meining, formidlar ho sine songar med varme og nærvær.

LAURDAG 22. AUGUST

17.00 «Rokta – etter at dagen kom»
Musikk av Knut Anders Vestad

3.april 1938 gjekk frakteskuta «Rokta» på grunn på Gallerskjæra på Hustadvika.
Tolv mann sat innestengd i 36 timar før redningsmannskapet tok seg inn til vraket.
Tolv mann med draumar, håp og planer. Tolv mann med familie og vener heime som ikkje ante noko som helst om at havet var i ferd med å sluke dei. Det handlar også om redningsdåd, offervilje; at nokon set liv og helse på spel for å berge andre. Av mannskapet på tolv, overlevde seks. I tillegg omkom to redningsmenn frå Bjørnsund.

Innleiing ved Haraldr Bjellvåg frå Romsdalsmuseet
Dei som er med:
Tore B. Granås, resitasjon
Kvintett frå TrondheimSolistene
Haraldr Bjellvåg, innleiing

Pause med matsal

19.30 «Så lenge skutan kan gå» – laurdagskveld med allsong!
Songar om havet, songar frå kysten, salmar og sterke melodiar;
Har du fyr, Mellom bakkar og berg, Hildringstimen
Vi markerer hundreårsjubileet for Erik Bye og framfører fleire av hans songar.

Med lokale kor
Gule Blandakor, dirigent og solist Bjarne Harøy
Klangkoret, dirigent Gunn Sissel B. Håseth
Knut Anders Vestad, orgel/flygel
Hanne Marit Mordal Iversen, song
Revaz Abramia, flygel

SØNDAG 23. AUGUST

12.00 Konsertgudstjeneste
Vi går mot hamn denne festivalhelga med konsertgudsteneste.
I år samarbeider vi med Aukra sokn, så både liturg og kantor er derifrå.

Dei som er med:
Kristian Finn Risung, liturg
Kantor Olav Arne Steinkopf, orgel/flygel
Budapestkoret (Regionalt ungdomskor – Ung kirkesang) og Klangkoret
Dirigent Tone Synnøve Øygard Steinkopf
Elevar frå Circle of Art
Hanne Marit Mordal Iversen, song

Etter gudstenesta blir det nedlegging av krans på minnesmerket over omkomne sjøfolk og fiskarar frå Vågøy sokn, før vi rundar av med kyrkjekaffi.