Torsdag 20. august Spesialframsyning av Havfolket med besøk av regissør Elin Sander

Klangfestivalen er glad for å gje publikum ikkje mindre enn to spesialframsyningar av filmen Havfolket. Framsyninga av filmen, som er ei heilhjarta kjærleikserklæring til kysten og kystfolket, skjer i samarbeid med Hoem vel, Bygdekinoen og filmselskapet Aldeles. Før filmen tek til vil regissør Elin Sander fortelje om filmen og korleis den har blitt til. Hoem vel sørgjer for sal av kaffi og noko å bite i.
HAVFOLKET er ei vittig, storslått og hemningslaus hyllest til kystfolket og folket som har klort seg fast på øyer, holmar og i fiskevær i uminnelege tider.
Kinodokumentaren er satt saman av unike arkivskatter gjennom nesten hundre år og dei som fortel er blant dei beste stemmene frå kysten, som Halfdan Sivertsen, Trude Drevland og Pål «Moddi» Lue.
Med humor, kløkt og poesi vil filmen skildre livet og folket langs norskekysten. Menneska her lever tett på vær, vind og uregjerleg natur, langt frå maktas sentrum, vendt mot havet, verda og alle odds. Kva gjer dette med lynne, levesett, fellesskap og livskraft? Har havets folk ein eigen identitet, og er denne enno levande?
Resultatet er ein storslagen film som skildrar ein kystkultur som veldig mange av oss er forankra i, og som alle har eit forhold til. Det er knapt nokon som ikkje har eit forhold til havet, enten det er knytt til fiske og fangst, ferjekøar og strenge billettørar, knallharde vindkast og stengde bruer, eller sankthansfeiring og ungdomsflørt på holmar og skjær.
Havfolket er innom viktige hendingar, som starten på oljeeventyret, og brenninga og gjenoppbygginga av Finnmark – men det er menneska og kvardagslivet langs kysten som er sjølve essensen av filmen. Watch the trailer
Dokumentar Lengde: 90 min Regi: Elisabeth Kleppe, Elin Sander og Henrik Hylland Uhlving
Manus: Elisabeth Kleppe, Elin Sander og Henrik Hylland Uhlving Klippere/editors: Selim Mutic og Henrik Hylland Uhlving Produsenter: Elin Sander og Elisabeth Kleppe
Plakatdesign/poster design: Bjørn Are Evjen
Finansører: Vestnorsk filmsenter, Mediefondet Zefyr, Norsk filminstitutt, Stiftinga Agenda Vestlandet frå Sparebanken Norge, Fritt Ord, Norsk Kulturråd, Synfaring og Bergen Kino
Bergens Tidende: «…det er som om lukten av sjø og sildeolje siver ut gjennom lerretet. Filmen følger fiskere, fabrikkarbeidere, sjømenn, krigsseilere og familieliv, og oppleves som både rørende og samlende – en film om hva som er helt spesielt unikt ved dette landet.» 5/6 hjerter Stavanger Aftenblad: «Filmen ser Norge fra rekka på en sjark, fra kaien i et fiskevær, fra riggen ute i Nordsjøen. Den er en utilslørt hyllest til den norske kystbefolkningen. Fra Finnmark i nord til Rogaland i sør. (…) jeg kjenner på vei ut av kinosalen at det ikke holder å glo utover fjorden lenger. Jeg må til havet. Igjen.» Terningkast 5 «Filmen ser Norge fra rekka på en sjark, fra kaien i et fiskevær, fra riggen ute i Nordsjøen. Den er en utilslørt hyllest til den norske kystbefolkningen. Fra Finnmark i nord til Rogaland i sør. (…) jeg kjenner på vei ut av kinosalen at det ikke holder å glo utover fjorden lenger. Jeg må til havet. Igjen.» Terningkast 5
Fredag 21. august 19.30 Festivalopning og konsert «Ine Hoem – Minnelandet»

Ine Hoem har for lengst markert seg som en av landet mest særegne artister med en stemme som treffer deg rett i hjertet.
Hun er født og oppvokst på Grünerløkka i Oslo og datter av forfatter Edvard Hoem.
I musikken sin henter hun inn elementer fra både moderne visepopmusikk og jazz-universet. Hjertevarme historier møter en moderne singer/ songwriter-tradisjon i kombinasjon med en unik formidlingsevne.
Låter som «Broren din», «Vi trenger ikke hage vi» og «Jeg vil aldri hjem» har blitt hyppig spilt på radio og hun har de siste årene turnert land og strand med sin far Edvard Hoem og konserten Alt vi har kjært. Her samarbeidet far og datter med tekst og musikk og utgivelsen fikk strålende anmeldelser i norsk presse.
I januar 2025 slapp Ine Hoem albumet Minnelandet til strålende kritikker.
«Minnelandet er et konseptalbum der jeg har sett bakover i tid og henta fram historier og minner fra livet mitt fram til nå. Jeg har skrevet tekster som er personlige og som er dypt forankret i mitt eget liv, men som rører ved noe universelt hos lytteren. Forholdet til familie, oppvekst, ungdomstid, kjærlighet som forsvant og kjærligheten som varer, alt dette er vevd inn i et musikalsk landskap utarbeidet med mine musikere. Dette er første albumet jeg produserer selv»
I 2025 har Ine spilt nærmere 30 konserter i Norge med Minnelandet- materialet, senest i september der hun spilte en storslått jubileumskonsert på Parkteatret i Oslo med band og gjester som Trygve Skaug, Tuva Syvertsen, Marthe Wang og Marte Eberson. Nettavisen anmeldte konserten til terningkast 5 og skrev blant annet følgende:
«Ine Hoem har blitt etablert basert på inderlighet, integritet, ekthet og stor personlighet. Hun tok rommet og hun snakka til meg fra første strofe. Hun greier nemlig å løfte fram sjølvaste Livet, med stor L».
Anmeldelser av Minnelandet:
«Ine Hoems nye album Minnelandet er fullt av varme,vakre tanker om livet og de nærmeste rundt henne. Med Minnelandet tar hun plass blant de beste» Dagsavisen – 5/6
«Ine Hoem anno 2025 framstår som en historieforteller på det absolutt høyeste nivået. Med Minnelandet tar hun sitt største og viktigste steg i retning seg sjøl noensinne»
Nettavisen – tergningkast 5
«Minnelandet er ei lita popperle» – Dag og Tid
Laurdag 22. august 1700 «Rokta- etter at dagen kom»

Musikk av Knut Anders Vestad
3. april 1938 gjekk frakteskuta «Rokta» på grunn på Gallerskjæra på Hustadvika.
– Ei sterk forteljng om havet, redningsdåd og tap. Av mannskapet på tolv, overlevde seks. I tillegg omkom to redningsmenn frå Bjørnsund

12 mann med draumar, håp og planer. 12 mann med familie og vener heime som ikkje ante noko som helst om at havet var i ferd med å sluke dei. Det handlar også om redningsdåd, offervilje; at nokon set liv og helse på spel for å berge andre. Tolv mann sat innestengd i 36 timar før redningsmannskapet tok seg inn til vraket.

I tillegg til Innleiinga ved Haraldr Bjellvåg frå Romsdalsmuseet og Tore B. Granås, resitasjon, har vi med oss desse musikarane, ein kvintett frå TrondheimSolistene:
Anna Adolfsson Vestad, fiolin
Stefan Penjin, fiolin
Björn Guo, bratsj
Marit Aspås, cello
Rolf Hoff Baltzersen, bass

TrondheimSolistene er eit av Noregs fremste kammerorkester og har sidan oppstarten i 1988 opparbeidd seg eit internasjonalt renommé gjennom konsertar, turnear og prisvinnande innspelingar. Ensemblet har samarbeidd med ei rekkje leiande kunstnarar og artistar innan både klassisk musikk, folkemusikk, vise og pop.
Knut Anders Vestad har samarbeidd med TrondheimSolistene både som komponist og arrangør. Gjennom arbeidet sitt har han skrive strykararrangement for fleire av prosjekta deira, mellom anna i samarbeid med artistar som Åge Aleksandersen og Moddi.
Arrangementa hans har vore med på å byggje bru mellom kammermusikken og andre musikksjangrar, og har gitt TrondheimSolistene høve til å presentere norsk populærmusikk og visekunst i nye musikalske drakter.
«Rokta – etter at dagen kom», vart urframført av kvintett frå TrondheimSolistene på Bjørnsund i 2019 og er eit samarbeid med komponist Vestad om ny norsk musikk.
Her ein smakebit frå «Rokta – etter at dagen kom» med musikk av Knut Anders Vestad og den dramatiske historia frå ein av dei overlevande.
Her kan du lese journalist Rigmor Sjaastad Hagen sitt intervju med komponisten i Romsdals Budstikke frå 2019.
-Ei sterk forteljing med lokal og historisk forankring, som vi no skal få høyre i Vågøy kyrkje.
Laurdag 22. august 19.30 «Så lenge skutan kan gå» – laurdagskveld med allsong!

Songar om havet, songar frå kysten, salmar og sterke melodiar; Har du fyr, Mellom bakkar og berg, Hildringstimen
Vi markerer hundreårsjubileet for Erik Bye
Dei som er med:
Stephanie Lippert, song
Hallvar Djupvik, song
Knut Anders Vestad, orgel/flygel
Elevar frå Circle of Art
Gule Blandakor, dirigent og solist Bjarne Harøy
Atlanterhavskoret og Klangkoret, dirigent Gunn Sissel B. Håseth
På allsongkvelden laurdag har vi gleda av å ha med oss det allsidige og dynamiske songarparet Stephanie Lippert og Hallvar Djupvik. Med solid klassisk bakgrunn og brei erfaring frå vise-, pop- og bandmusikk, brenn dei for å formidle musikk på tvers av sjangrar.
Sidan 2020 har dei hatt Tomrefjord som heimstad. For innsatsen sin for kulturlivet vart dei tildelte Vestnes kulturpris i 2023. I grunngjevinga er det lagt vekt på deira engasjement og bidrag til musikkformidling gjennom ulike konsertar av særs høg kvalitet, klasse og nivå – med base i Vestnes kommune.
Hallvar (tenor), frå Tomrefjord, er utdanna ved Musikkonservatoriet i Agder og Operaakademiet i København. Stephanie (mezzosopran og visesongar), frå Sverige, har studert ved Birkagårdens folkhögskola, Operaakademiet under Susanna Eken og Académie européenne de musique i Aix-en-Provence.
Begge har markert seg som solistar ved mellom anna Den Norske Opera & Ballett, Operaen i Kristiansund, Wermlandsoperan og Copenhagen Opera Festival, i roller frå verk som Carmen, Don Giovanni og Le nozze di Figaro.
Saman har dei produsert og turnert minioperaer for Den kulturelle skulesekken, og dei står bak både «Sommarkonserten» i Bårdsnesosen og barnefestivalen «Barnefest i Osen».
Hallvar er også kjend frå Polkabjørn & Kleine Heine, medan Stephanie skriv og produserer eigen musikk. Saman driv dei visebandet Trondgarden, som har gitt ut singelen Valsen går. Dei driv sitt eige firma Timbre AS der dei formidlar sine musikktenester. På nettsida deira ligg det óg opptak av arrangement og konsertar.
Søndag 23. august 1200 Konsertgudsteneste:

Vi går mot hamn denne festivalhelga med konsertgudsteneste.
I år samarbeider vi med Aukra sokn, så både liturg og kantor er derifrå.
Dei som er med:
Kristian Finn Risung, liturg
Olav Arne Steinkopf, kantor
Tone Synnøve Øygard Steinkopf, domkantor
Olav Tornes, saksofon
Adriana Døsvik, kontrabass
Sigurd Øygard Steinkopf, trommer
Klangkoret og regionalt Ungdomskor/Budapestkoret
Gunn Sissel B. Håseth, kantor
Konsertgudsteneste er gratis/kollekt
Etter gudstenesta blir det nedlegging av krans på minnesmerket over omkomne sjøfolk og fiskarar frå Vågøy sokn, før vi rundar av med kyrkjekaffi.