Det blir Klangfestival i 2026 og!
Årets festival går av stabelen 21.-23. august i Vågøy kyrkje. Her møtes musikarar på tvers av sjanger og alder til konserter for å la seg inspirere og formidle musikk i det gode klangrommet i Vågøy. Unge songarar og musikarar får delta på festivalen saman med festivalens artistar.
Festivalen rettar seg til alle: unge og gamle, samfunnsengasjerte, musikk- og historieinteresserte – uavhengig av tru- og livssyn. Vi ønsker å tilby eit program som kan fenge både i breidda og djupna – musikalsk så vel som til refleksjon over samfunnsaktuelle problemstillingar i vår tid.
Festivalen tek utgangspunkt i potensialet for god klang i Vågøy – og skaper og formidlar musikk i samspel mellom etablerte og unge utøvarar.
Vi er glade for at vi om ikkje lenge kan presentere eit program som vi håper vil gje publikum gode opplevingar i klangrommet i Vågøy – og være variert og lagt til rette for alle.
Beste helsing frå styret
Eva Tverberg
Bitten Linge
Lillian Kvalvåg
Karoline Valle
Bitten Linge
Lillian Kvalvåg
Karoline Valle

Foto: Rigmor Sjåstad Hagen (Romsdals budstikke)