1930 Festivalopning og konsert med BJØRN TOMREN OG ÅSE BRITT REME JAKOBSEN
Opning ved Knut Anders Vestad, duoen Tuva Halse (fiolin) og Tobias Eikrem Råmkes (klaver) frå prosjektet Circle of Art og elevar frå Hustadvika kulturskole

På konserten får vi høyre den folkekjære Stjernekampvinnaren Bjørn Tomren frå Tomrefjord som saman med sin sambuar Åse Britt Reme Jakobsen skal gje oss halvannan time med variert repertoar, frå jodling til salmar og country

1700 FRED, FREDOSE, FRED
I år er det 80 år sidan vi fekk fred i Norge etter fem år med okkupasjon. Vi vil markere dette med å sjå på korleis det var i Fræna den tida, og korleis verda ser ut i dei omveltande tidene vi lever i i dag.

Prolog om fred av Kjell Magne Bondevik
Urframføring av Fredose av Knut Anders Vestad
Utdrag frå Kvartett for tidens ende av Olivier Messiaen

Medverkande:
Kjell Magne Bondevik, prolog
Kristiansund Sinfonietta
Radmila Stojkovic, klaver
Margrete Kvalbein, samtidsdans
Brit Sundsbø, formidlar
Bjarne Harøy, resitasjon

Ung klang:
Iulianiia Lazurchenko, song
Erik Zanella, song

1930 TUVA HALSE QUINTET
Tuva Halse, fiolin og komposisjonar
Oscar Andreas Haug, trompet
Benjamín Gísli Einarsson, piano
Gard Kronborg, bass
Øystein Aarnes Vik, trommer

Med fengslande stemning og gripande samspel drar Tuva Halse Quintet deg inn i sitt lyriske univers frå første tone. Kvintetten består av fem unge musikarar som dei siste åra verkeleg har markert seg på den norske jazzscena.

Debutalbumet “Two” (Jazzland Recordings) fekk strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt då det kom ut hausten 2023. Med røter i nordisk jazz hentar kvintetten inspirasjon frå musikarar som Kenny Wheeler, Adam Baldych og Mathias Eick, samtidig som ein tydeleg høyrer impulsar frå både folkemusikk og klassisk musikk.

Musikken tek utgangspunkt i komposisjonane til fiolinist Tuva Halse, som i si melodiøse form vekslar mellom det melankolske og sentimentale til det intense og insisterande. Resultatet er eit særeige og ekspressivt uttrykk i eit kontrastfylt univers.

1200 KONSERTGUDSTENESTE for HÅP OG FRIHET med samtidsdans av Margrete Kvalbein og ensemble frå Circle of Art/elevar frå Landslinje for jazz, leia av Tuva Halse.

Medverkande:
Bjørg Myhre, liturg
Margrete Kvalbein, samtidsdansar og prest
Tuva Halse, fiolin
Fiona Wallin Norenberg, vibrafon
Colin Nogva, trommer
Angelica Sæter, fløyte
Martin Herskedal, trompet
Markus Emblem, kontrabass
Klangkoret, dirigent Gunn Sissel B. Håseth
Knut Anders Vestad, orgel