Fredag 22.august 1930 Festivalopning og konsert med Bjørn Tomren og Åse Britt Reme Jakobsen

Opning ved Knut Anders Vestad, duoen Tuva Halse (fiolin) og Tobias Eikrem (piano) frå prosjektet Circle of Art og elevar frå Hustadvika kulturskole Lisa Stenberg, Tora Eidem, Marie Synnøve Torheim, song, Ira Borgen, piano, Oliver Dalstein-Westad, trommer, Olav Bull Rødseth, trommer.
Etter opninga blir det konsert med den folkekjære Stjernekampvinnaren Bjørn Tomren frå Tomrefjord som saman med sin sambuar Åse Britt Reme Jakobsen skal gje oss halvannan time med variert repertoar, frå jodling til religiøse folketonar og country.
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg i NRK-serien «Stjernekamp». Med eit unikt uttrykk og ei sterk formidlingsevne vart han raskt allemannseige og omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Suksessen vart følgd opp med ein landsdekkande turné og tre utselde konsertar i Oslo Konserthus.
Tomren, artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden, er òg kjend frå jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og blitt dokumentarfilmstjerner i «Kunsten å jodle». Han har gitt ut to kritikarroste album: «Bad Science Fiction» (2019) og «The Astronomer’s Dream» (2023).
Som ein av dei mest allsidige musikarane i landet, spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialektpunk og psykedelisk protestmusikk.
Med seg på scena har Tomren sambuaren sin, Åse Britt Reme Jakobsen. Jakobsen er musikar, songar og låtskrivar. Dei siste åra har ho vore aktiv som utøvar, og har på kort tid gjort seg bemerka som ei sterk stemme innanfor country, blues, jazz og norsk folkemusikk. Ho har vore medlem i og medverka i fleire band, og har ei sentral vokalrolle på Bjørn Tomrens debutalbum Bad Science Fiction (2019).
Foto Thor Brødreskift
Laurdag 23. august 1730 Fred, Fredose, Fred

I år er det 80 år sidan vi fekk fred i Norge etter fem år med okkupasjon. Vi vil markere dette med å sjå på korleis det var i Fræna den tida, og korleis verda ser ut i dei omveltande tidene vi lever i i dag.
Prolog om fred – Kjell Magne Bondevik
Urframføring av Fredose av Knut Anders Vestad
Utdrag frå Kvartett for tidens ende av Olivier Messiaen
Medverkande:
Kjell Magne Bondevik, prolog
Kristiansund Sinfonietta
Radmila Stojkovic, klaver
Margrete Kvalbein, dans
Brit Sundsbø, formidlar
Bjarne Harøy, resitasjon
Ung klang:
Iulianiia Lazurchenko, song
Erik Zanella, song

Fredose (2018) handlar om den russiske krigsfangen Fredose Goman som sat i fangenskap i Bud utanfor Molde under andre verdskrig. Han klarte å rømme. Etter tre dagar søkte han hjelp hos ein bonde, men i staden for å hjelpe, som han sa han skulle, varsla bonden tyskarane og Fredose vart arrestert, stygt torturert og skoten.
Det er politirapporten frå 3. juni 1945 som blir resitert. Den var gjeven på ukrainsk, omsett til tysk, og så til norsk. Så det har blitt mange misforståingar på vegen, til dømes korleis namnet til Fredose vart skriven: i rapporten skrivast det Feodosi Goman, medan det på gravsteinen er skrevet Fredose Homan.
På konserten blir det også eit utdrag frå Olivier Messiaens Kvartett til tidens ende
Kjell Magne Bondevik vil halde ein fredsprolog
(Foto: Eva Tverberg)

Knut Anders Vestad (1969)
Bakgrunnen for «Fredose» var ei historie far min ofte fortalde når eg var liten. Han var fødd i 1930, og vaks opp ikkje langt unna der fangen Fredose Goman vart arrestert og drepen under krigen.
Far min var 13 år da dette skjedde, så han var eit tidsvitne. Kvar litle juleaftan, når vi skulle levere gåver til slekta, var vi også innom kyrkjegarden i Bud. Da gjekk vi alltid til Fredose Goman si grav. Det var nifst når far min fortalde, men no i vaksen alder, når eg har lest politirapporten ser eg at det var verre enn eg trudde.
Knut Anders byrja sin musikalske reise med orgelmusikk i Vågøy kyrkje og undervisning ved Fræna musikkskole. Med utdanning frå Trøndelag Musikkonservatorium, har han etablert seg som ein sentral figur i norsk musikkliv og er no tilsett som førsteamanuensis ved NTNU, Institutt for musikk i komposisjonsfag.
Vestad har skrevet musikk i ulike sjangrar frå opera, oratorium, musikalar til teater- og kammermusikk.
Han skriv strykearrangement for artistar som AURORA, Sigrid, Sissel, Åge, Stargate, Moddi, Ingebjørg Bratland, Eva Weel Skram, deLillos, Adam Douglas mfl. Har arrangert for TrondheimSolistene, Trondheim symfoniorkester, KORK, Arktisk filharmoni og Bergen filharmoniske orkester.
Bestillingsverket Tjaktje – haust vart urframført på Olavsfest 2024 med Marja Mortensson som solist i lag med TrondheimSolistene.
To av hans operaer er framført ved Den Norske Opera: Unge Hamsun (2009) og Johnny & Mariann (2013).
Skriv også tekst; som musikalane Flamme, Fisboblefest, Cappuccinosanger.
Var kunstnerisk leiar for Kibnebfestivalen i Agdenes frå 1999-2019.
I 2025 har han urpremiere på to musikkdramatiske verk; musikkspelet Ane – Bjørnedrepersken og rockeoperaen Det brinn på kvart fjell.
(Foto: Berre)

Ni musikarar er med frå Kristiansund Sifonietta og framfører «Fredose» av Knut Anders Vestad:
Jasmina Zivic, fløyte
Marcus Alexandersson, klarinett
Wojciech Ulatowski, fagott
Eric Dullaert, horn
Robert Sztorc, perkusjon
Trond Harald Saltnes, fiolin 1/konsertmester
Odd Frei Sonntag, fiolin 2
Anna Ostachowska, bratsj
Zhala Aliyeva, cello
I tillegg er Marcus Alexandersson, klarinett, Trond Harald Saltnes, fiolin og cellist Zhala Aliyeva med på utdrag frå «Kvartett for tidens ende» av Olivier Messiaen saman med Radmila Stojkovic ved flygelet og Margrete Kvalbein, dans

RADMILA STOJKOVIC er utdanna pianist og pianopedagog frå Serbia med mastergrad i piano frå Universitetet i Beograd. Ho kom til Norge i 1994 og har sidan undervist ved Fræna musikkskole, no Hustadvika kulturskole. Ho har vore aktiv både som solist, kammermusikar og akkompagnatør, samarbeida med Operaen i Kristiansund og heldt foredrag for EPTA Norge (European Piano Teachers Association) og EPTA Internasjonal.
Hennar elevar har vunne både nasjonale og internasjonale prisar i pianokonkurransar, vore solistar med Romsdalsorkesteret og deltatt i talentprogrammet Unge Musikere i Trondheim.
Laurdag 23. august (kl. 17) på markeringa av frigjeringsjubileet: FRED, FREDOSE, FRED, framfører Radmila Stojkovic sats 7 frå «Kvartett for tidens ende» (Quattuor pour la fin de temps) av Olivier Messiaen (1908-1992).
Messiaen skreiv verket då han sat i ein tysk fangeleir i 1940-41, og «Kvartett for tidens ende» er eit av 1900-tallets mest sentrale kammermusikkverk.
I tillegg til Radmila på klaver medverkar:
Marcus Alexandersson, klarinett
Trond Harald Saltnes, fiolin
Zhala Aliyeva, cello
Margrete Kvalbein, dans
«Kvartett for tidens ende» er eit gripande testamente til tida og konteksten den vart skreve i, og er framleis relevant; ingen som har høyrt den oppført «live» går frå konserten urørd
Velkommen!

Margrete Kvalbein er utdanna dansar og prest. Frå tidleg 90-tall har ho hatt oppdrag og laga scenekunst for ulike kyrkjer, og i 2021 blei ho vigsla til prest. No arbeider ho i Kulturkyrkja Immanuel i Halden. Ho har skrive boka «Henvendt. Overgitt / Kroppen i Guds hus» (Verbum, 2015), og har i ei årrekke virka som skribent og scenekunst-kritikar.
Frå ung ålder har ho utvikla ein særleg sans for musikken til Messiaen som dansepartnar. Då Klangfestivalen utfordra ho med eit musikkstykke frå denne komponisten, har ho tatt ei «pause frå pensjonisttilværet» som utøvande dansar, og gler seg til å svare på kyrkjerommet og musikken slik dei møter publikum og kyrkjelyd i festivalen 2025.
På markeringa av frigjeringsjubileet dansar ho til eit utdrag frå «Kvartett for tidens ende» (Quattuor pour la fin de temps) av Olivier Messiaen (1908-1992), saman med pianist Radmila Stojkovic, Trond Harald Saltnes, fiolin, Marcus Alexandersson, klarinett, og cellist Zhala Aliyeva
Ho er også med på KONSERGUDSTENESTE for HÅP og FRIDOM søndag kl. 12, der får vi oppleve Margrete saman med ensemblet frå Circle of Art/elevar frå Landslinje for Jazz, Knut Anders Vestad ved orgelet, sokneprest Bjørg Myhre, kor og kyrkjelyd.

KVARTETT FOR TIDENS ENDE vart urframført utandørs under sult og kalde forhold på delvis ødelagte instrumenter i en fangeleir i januar 1941..
I juni 1940 vart den franske komponisten Olivier Messiaen tatt til fange av tyskarane og sendt til ein fangeleir i Görlitz.
Ein av vaktene var menneskeleg nok til å gje han blyant og papir.
Messiaen komponerte for dei musikarane han hadde tilgjengeleg blant medfangane. Dermed endte han opp med fiolin, klarinett, cello og klaver.
På konserten får vi høyre sats 7 (av i alt 8 ) frå dette verket
«Den mest overjordisk vakre musikken frå det 20. århundre» skriv Alex Ross, musikkritikar og forfattar.
«Kvartett for tiden ende» blir rekna som eit av 1900-tallets mest sentrale kammermusikkverk.
Laurdag 23. august 1930 Tuva Halse Quintet:

Tuva Halse, jazzfiolinist og komponist frå Molde, leverer sammen med fire unge musikarar frå den norske jazzscenen eit særegent og ekspressivt uttrykk i skjæringspunktet mellom klassisk, jazz og folkemusikk.
Velkommen til konsert med TUVA HALSE QUINTET
Tuva Halse – fiolin, komposisjonar
Oscar Andreas Haug – trompet
Benjamín Gísli Einarsson – piano
Gard Kronborg – bass
Øystein Aarnes Vik – trommer
Med fengslande stemning og gripande samspel drar Tuva Halse Quintet deg inn i sitt lyriske univers frå første tone. Kvintetten består av fem unge musikarar som dei siste åra verkeleg har markert seg på den norske jazzscena.
Debutalbumet “Two” (Jazzland Recordings) fekk strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt då det kom ut hausten 2023. Med røter i nordisk jazz hentar kvintetten inspirasjon frå musikarar som Kenny Wheeler, Adam Baldych og Mathias Eick, samtidig som ein tydeleg høyrer impulsar frå både folkemusikk og klassisk musikk.
Musikken tek utgangspunkt i komposisjonane til fiolinist Tuva Halse, som i si melodiøse form vekslar mellom det melankolske og sentimentale til det intense og insisterande. Resultatet er eit særeige og ekspressivt uttrykk i eit kontrastfylt univers.
Foto: Amanda Iversen

TUVA HALSE er ein improviserande fiolinist og komponist frå Molde. Ho har allereie spelt på fleire sentrale jazzscener i Noreg og Europa med eigne og andre sine prosjekt – mellom anna med namn som Mathias Eick, Tord Gustavsen, Mats Eilertsen, Sissel Vera Pettersen og Trondheim Jazzorkester – i tillegg til å bidra på ei rekke utgjevingar innan ulike sjangrar.
I 2024 fekk ho den gjeve utmerkinga NTNU-ambassadør, heidra for «sin leikande lyriske nerve og ein sjeldan, modig kjenslevarheit i tone og spelestil». Same år fekk ho òg DNBs #huninvesterer-stipend under Kongsberg Jazzfestival, noko som resulterte i bestillingsverket “Air Music” med Håkon Kornstad som speisell gjest under årets festival.
Inspirert av natur, relasjonar og menneskelege emosjonar, komponerer ho musikk med improvisasjon i sentrum. I denne finn ein spor av både folkemusikk, klassisk musikk og nordisk jazz – spelt med ein varme og intimitet som grip lyttaren.
«Frå første låt «Zeptember» er det det solide musikarhandverket som skin i mot oss. Og då særleg frå Halse sjølv. Ho har ei tydeleg bumerke i spelet sitt, prega av både folkemusikkstilar, jazzfele og det vi kanskje kan kalle ECM-fele. Halse skaper melodiar og linjer, men aller mest så skaper ho ulike rom i musikken. […] La klangen av Tuva Halse Quintet varme opp stova i haustkulda!»
– Torkjell Hovland (Ballade)
«Med sin lette, lyse og svært transparente tone har hun en evne til å dra oss inn i sine musikalske budskap som er sjeldent for en så ung musikant.[…] Et lyrisk, melodiøst og vakkert lydlandskap som det gjør usedvanlig godt å befinne seg i. Tuva Halse anno 2023 fremstår allerede som ei helt særprega og egen stemme som har masse vakkert å fortelle oss.”
– Tor Hammerø (Nettavisen)
I år har Klangfestival eit samarbeid med «Circle of Art- Fra kulturskole til kunstner», eit prosjekt der Tuva Halse har workshop for kulturskuleelevar i omegn og elevar frå Landslinje for Jazz ved Molde videregående skole. Vi får oppleve noko av dette samspelet på festivalopninga fredag og konsertgudstenesta søndag.
Foto Marius Beck Dahle
Søndag 24. august 1200 Konsertgudsteneste:

Velkommen til KONSERTGUDSTENESTE for HÅP OG FRIDOM med dansande prest og ensemble frå Circle of Art/elevar frå Landslinje for jazz, leia av Tuva Halse.
Medverkande:
Bjørg Myhre, liturg
Margrete Kvalbein, dansar og prest
Tuva Halse, fiolin
Fiona Wallin Norenberg, vibrafon
Colin Nogva, trommer
Angelica Sæter, fløyte
Martin Herskedal, trompet
Markus Emblem, bass
Klangkoret, dirigent Gunn Sissel B. Håseth
Knut Anders Vestad, orgel
Kyrkjekaffi
Gratis inngang/kollekt

MARGRETE KVALBEIN er utdanna dansar og prest. Frå tidleg 90-tall har ho hatt oppdrag og laga scenekunst for ulike kyrkjer, og i 2021 blei ho vigsla til prest. No arbeider ho i Kulturkyrkja Immanuel i Halden. Ho har skrive boka «Henvendt. Overgitt / Kroppen i Guds hus» (Verbum, 2015), og har i ei årrekke virka som skribent og scenekunst-kritikar.
På konsertgudstenesta får vi oppleve Margrete saman med ensemblet frå Circle of Art/elevar frå Landslinje for Jazz, Knut Anders Vestad ved orgelet, sokneprest Bjørg Myhre, kor og kyrkjelyd.
Ho er også med på konserten laurdag 23. august kl. 17: «Fred, Fredose, Fred», saman med pianist Radmila Stojkovic, Marcus Alexandersson, klarinett, Trond Harald Saltnes, fiolin, cellist Zhala Aliyeva i sats 7 frå den franske komponisten Olivier Messiaen (1908-1992) sin «Kvartett til tidens ende»
Frå ung ålder har ho utvikla ein særleg sans for musikken til Messiaen som dansepartnar. Då Klangfestivalen utfordra ho med eit musikkstykke frå denne komponisten, har ho tatt ei «pause fra pensjonisttilværet» som utøvande dansar, og gler seg til å svare på kyrkjerommet og musikken slik dei møter publikum og kyrkjelyd i festivalen 2025.

Klangfestivalen sitt elevseminar, «Ung klang» har dette året vore eit samarbeid med prosjektet «Circle of Art- Fra kulturskole til kunstner» ved Molde kulturskole, der nokre av elevane har hatt workshop med jazzmusikar og fiolinist Tuva Halse.
Prosjektet (Circle of Art) er eit samarbeid mellom kulturskulane i Molde, Hustadvika, Vestnes og Rauma med samarbeidspartnerane Storyville, Moldejazz og Molde videregående, i kunstartane: Musikk, dans, teater og kunst.
Prosjektleiar for Circle of Art, Arne Torvik har vore opptatt av at elevane får møte lokale profesjonelle kunstnarar med ulike kunstuttrykk, som kan inspirere, undervise og gje ein ekstra motor til å gå vidare med kunsten sin».
Vi takkar så mykje for at Klangfestivalen også får være ein arena for dette inspirerande prosjektet! Vi får høyre duoen Tuva Halse (fiolin) og Tobias Eikrem Råmkes (klaver) på opninga fredag 23. august kl. 19.30 og ensemble frå Landslinja for jazz i Molde, som er med og spelar på konsertgudsteneste søndag 24. august kl.12.
Velkommen!