Klangfestivalen ble startet på ein inspirasjon og ein draum, om musikk og fellesskap i Vågøy kyrkjes fine klangrom. Tenk om det kunne vore ein festival her! Med folk frå alle kantar og sjangrar! Og berre akustisk musikk!

Det kunne vore ein festival i Vågøy kyrkje. Med folk frå alle kantar og musikk tidleg og seint. Den første Klangfestivalen gjekk av stabelen i august 2014 med mykje entusiasme og ellers fint lite – i alle fall ikkje erfaring eller økonomi – men med musikarar frå nær og fjern, unge på veg ut i musikarlivet, eldre og etablerte med lang erfaring, publikum frå begge sider av fjellet. Til ein uerfaren festivalsjef si overrasking dukket både publikum og frivillige opp. Til saman vart vi ein festival!

Etter kvart fekk vi meir erfaring, og grep om kva vi ville med festivalen. Vi ville invitere artistar til å utforske klangane, medmusikarne og sjangermøta, i Vågøy kyrkjes spesielt fine klangrom, og invitere dem attende eit anna år så vi kunne bli kjent med dei frå fleire kantar. Vi ville lage verkstad og møteplass og leikeplass for musikarar og publikum, og presentere nytt og kjend, lokalt og nasjonalt, på tvers av sjangrar og andre båsar. Vi ville ha eit kor. Vi ville ha unge musikkelevar på scena. Vi ville ha eigarskap og fellesskap i alt som skjedde, og korte avstandar mellom musikarar, publikum og oss som lager festival. Vi ville snekre heime det som kunne snekrast heime, trakte kaffe til dei som kom og ønske kvar og ein velkomen til konsert.

Med ein Klangturné i Møre og Romsdal fylke ville vi prøve ut festivalen sine ideer om akustisk og sjangerkryssande musikk i fleire kyrkjerom, samarbeide med fleire kor og organistar, og kanskje inspirere folk rundt omkring i fylket til å kome på festival i Vågøy kyrkje? Gjennom fire turnear og tjuefire konserter frå Ulsteinvik i sør til Rindal i nord, frå utaskjærs til innaskjærs, spelte vi Hoem-sanger, Sommerro-musikk, Roaldsnes-komposisjonar, folkemusikk frå Romsdal og jazzen sine standardlåtar i god blanding.

Ei lang rekkje musikarar, og nokon forfattarar, har stått på Klangfestivalen si scene – blåsarar og strykarar, gitarister og pianistar, tubaistar og trombonistar, perkusjonistar og bassistar, organistar og koristar, trekkspelarar og dirigenter, sangarar i dei fleste sjangrar – dedikerte og begavede folk som har skapt liv og fellesskap i musikken.

I festivalen sine ti første år 2014-2023 har desse stått på festivalscena: André Roligheten, Ann Helen Moen, Anna Adolfsson Vestad, Anna Ostachowska, Anne Kleivset, Arild Hammerø, Atle Sponberg, Beate Mordal, Berit Opheim, Betty Stjernen, Bitten Linge, Bjørg Myhre, Bjørn-Petter Tøsse, Brit Bildøen, Budapestkoret, Christian Finn Risung, Dag-Filip Roaldsnes, Dagfinn Grønvik, Daniel Herskedal, Edvard Hoem, elever fra Hustadvika kulturskole, Ellen Andrea Wang, Ellen Brekken, Ellen Schiøtt, Endre Ruset, Finn Ove Kaldhol, Gabriel Fliflet, Gunn Sissel Bakken Håseth, Hanna Paulsberg, Hanne Marit Iversen, Hans Olav Solli, Hayden Powell, Helge Olav Ellingsen, Henning Sommerro, Henrik Ameln Hoem, Hilde Brunsvik, Håvar Svergja, Ihne Småge Hunnes, Ine Hoem, Jan Arve Dyrnes,  Jarle Sanden, Jasmina Zivic, Jorun Marie Kvernberg, Julie Løseth Bergset, Jørn Holme, Kari Johanne Kvernberg, Karl Seglem, Klangkoret, Knut Anders Vestad, Kåre Nordstoga, Kåre Opheim, Lars Andreas Haug, Malvin Nøsen, Maria Vassli Gjære, Marja Mortensson, Martin Bredin, Martin Casal, Miriam Venås, Morten Barrikmo, Nella Penjin, Niels Fredrik Dahl, Njål Sparbo, Ola Kvernberg, Olav Dag Hauge, Randi Anita Dale, Romsdalsstrykerne, Schola Sanctae Sunnivae, Sigurd Hole, Sigurd Widvey Haugen, Sinikka Langeland, Stefan Penjin, Tone Synnøve Øygard Steinkopf, Tore Sandbakken, Tove Henøen, Trygve Fiske, Unni Boksasp, Vegard Hasselgård, William Stavik, Zhala Aliyeva, Åsbjørg Ryeng.