Mellom bakkar og berg utmed havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.

Kjære publikum!

Velkommen til seinsommarens vakraste eventyr; Klangfestivalen i Vågøy kyrkje og Hoem grendahus!

Årets tema er HAVET.

Det blir bygdekino med framsyning av publikumssuksessen «Havfolket» – ei perle av ein film som er ei heilhjarta kjærleikserklæring til kysten og kystfolket.

Ine Hoem kjem med sine songar. Hanne Marit Mordal Iversen og Revaz Abramia blir gjennomgåande musikarar i år.

Havet gjev, og havet tek. Laurdag får vi høyre om det dramatiske Rokta-forliset som hende på Hustadvika i 1938. Ein skodespelar les historia frå ein av dei overlevande, saman med TrondheimSolistene.

På kvelden blir det allsong: «Så lenge skutan kan gå». Det blir songar av Evert Taube og ikkje minst 100-årsjubilanten Erik Bye.

Søndag blir den tradisjonelle konsertgudstenesta halden, med kor og solistar.

Etter gudstenesta blir det nedlegging av krans på minnesmerket over omkomne sjøfolk og fiskarar frå Vågøy sokn, før vi rundar av med kyrkjekaffi.

 

Velkomne skal de vera!