Klangfestivalen 2025 gjekk av stabelen 22.-24. august i Vågøy kyrkje. Her møttes musikarar på tvers av sjanger og alder til konserter for å la seg inspirere og formidle musikk i det gode klangrommet i Vågøy. Unge songarar og musikarar fekk delta på festivalen saman med festivalens artistar.
Festivalen retta seg til alle: unge og gamle, samfunnsengasjerte, musikk- og historieinteresserte – uavhengig av tru- og livssyn. Vi ønskte å tilby eit program som fenga både i breidda og djupna – musikalsk så vel som til refleksjon over samfunnsaktuelle problemstillingar i vår tid.
Festivalen tok utgangspunkt i potensialet for god klang i Vågøy – og skaper og formidlar musikk i samspel mellom etablerte og unge utøvarar.
På fredag var det opning med mellom anna innslag ved elevar som deltok i prosjektet Circle of Art. Etter dette var det konsert med den folkekjære vinnaren av Stjernekamp Bjørn Tomren frå Tomrefjord som saman med Åse Britt Reme Jakobsen ga oss halvannen time med variert repertoir.
På laurdag vart jubileet for frigjeringa av Noreg markert, med mellom anna urframføring av Fredose, eit verk om Fredose som sat som krigsfange i Bud under 2. verdskrig, rømde og vart skutt og drepen. Musikk kombinert med resitasjon frå politirapporten. Fredsprolog ved Kjell Magne Bondevik.
Laurdag kveld presenterte vi Tuva Halse quintet. Tuva Halse (25) er ein improviserande fiolinist og komponist frå Molde som har med seg fire spennande musikare på den norske jazzscena. Dei leverte eit ekspressivt uttrykk i eit kontrastfylt univers.
Festivalen vart avslutta på søndag med konsertgudsteneste for håp og fridom med Klangkoret, samtidsdans og ensemble frå Circle of Art/elevar frå Landslinje for jazz, leia av Tuva Halse.
Sjå programmet og arrangement for meir informasjon.
Knut Anders Vestad og Gunn Sissel Bakken Håseth har vært programkomité for denne festivalen.
Takk til dei som gjorde det mogleg å arrangere Klangfestival i 2025:
Salmon Evolution
Hustadvika kommune
Fræna begravelsesbyrå Hustadvika
Classic Norway Hotels
Møre og Romsdal fylkeskommune
Sparebanken Møre
Vågøy og Myrbostad sokneråd
Varig Forsikring
Arne Gjendem
RIBI
Coop Extra Hollingen